Då er eg tilbake med litt gjesteblogging. Sidan sist har eg komt godt i gang med journalistutdanninga (viss du altså i det heile tatt er interessert i å høyre om mitt liv), og oppgåvene står i kø. Men det var ikkje det eg hadde tenkt å skrive om i dag. Konsonantane og vokalane (metaforisk, spanande) skal her brukast til kritisk journalistikk.
På ei førelesing i går lærte vi at opptak (eg går radio) er dokument, bevis. Viss Peder Ås i gårsdagens radiosending sa at han hadde levert inn sjølvmeldinga, men dette viser seg å ikkje stemme, kan dette brukast mot han dagen etter. Kva vil eg fram til? Slapp av, eg er der snart.
Når eg har lite å ta meg til. Ja vel, OK, når eg ikkje har arbeidslyst ser eg gjerne på bloggar. Eg kan ikkje seie at eg har vore overivrig på blogginga i det siste, men eg har akkurat oppdatert litt. I dag tok eg òg turen innom Karen og Kristine sin blogg (ja, det er denne bloggen). Her kjem det interessante. Kristine skriv 24. mai at ho ikkje vil skrive om det som har skjedd på folkehøgskulen. Eg les mellom linjene at dette blir alt for mykje styr, mykje å hugse som ho har gløymt osv. Det er forståeleg nok, men ho held fram med å skrive: "trur eg står over det og hellar bloggar om ting som skjer no". Kva skjer så? Får vi massive innlegg om jobben på Ica, henging med vener, Julia sitt fantastiske selskap (i all ubeskjedenheit), turen til Amsterdam og livet i Trondheim? NEI!
31. juli skriv Karen og Kristine at dei tek turen til Trondheim, at eg ikkje blir med (ja, eg er ho på det utfordrande bilete), men at alle er velkomne (ja då, det er berre å reise sjølv om eg ikkje er det. Karen og Kristine er festlegare enn bloggen gjev inntrykk av sjølv om biletene er bra (legg spesielt merke til Kåre og Kåre)).
La meg uttrykke at dette ikkje er eit spesielt angrep på Kristine. Det er eigentleg ikkje eit angrep i det heile. Det er berre ei vennleg påminning om at nokon må gje meg noko å lese når eg ikkje har arbeidslyst. Forfreshing må vere fresh. Gårdagens loff er ikkje fersk. Karen har vore heldigare. Ho har ikkje lovt noko, og har derfor ikkje gjeve offentlegheita nokon bevis.
Dommen er likevel den same: gje meg meir enn festlege gratulasjonar (ikkje at dei ikkje er fantastiske). Gje meg noko lesbart. Skriv ein kopi av kjemiboka, krinkast det fysiske innhaldet og fortell oss alt om det biologiske livet. OK, ikkje ta flatt av her, men gje meg eit innlegg frå Kåre og Kåre. Eg veit at dei er der ein eller annan stad.
Dette var altså litt kritisk journalistikk. Nokon journalistar meiner at dei kan skaffe seg uvener rimeleg raskt. Eg forstår ikkje heilt kva dei meiner med det ;-) Håper at eg framleis er ynskja i Trondheim. Hugs at det står nederst i innlegget frå 31. juli 2009 at "Alle er hjertelig velkomne til Trondheim, når som helst!:D" ;-)
- Julia
onsdag 14. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
sjukt bra! er kje min feil at eg glømme å oppdatera og at internett aldri funka på nordfjord, sånn at eg kunne oppdatera undervegs.
Æg he lært noge av dæ innlegge; æg ska aldri lova deg noge uden æg vett æg uansett klare å holda dæ, for du klare ikkje legga jussen frå deg;)
Så æg kan ikkje lova at æg blir meir aktive i bloggingå;P
Bak, bak, bak, bak, Karen :-D Æg vett, dæ mæ jussen æ litt sant, men dette æ snakk om kritiske journalistikk :-)
(Bak, bak, bak, æ forresten kyllinglyda. Pyselyda ;-) Æg æ så evigt onde. Nei, nå må æg komma mæg heim å få plagt Even og Elida litt (møje:-)
Legg inn en kommentar